Politiet hadde kontroll ved lysreguleringa på Grov fredag.
Politiet hadde kontroll ved lysreguleringa på Grov fredag. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Køyrde på raudt lys og fekk bot

To fekk bøter då politiet hadde kontroll ved Grov.

Politiet hadde kontroll på E39 ved Grov fredag kveld.

Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Kontrollen var ved lysreguleringa, der to sjåførar valde å køyra på raudt lys.

Dermed kunne begge ta imot kvar sine forenkla førelegg frå politiet.