På Europavegen ved Grov kan ein dagleg sjå hjort langs vegskuldera. Spesielt etter mørkets frambrot likar hjortane seg her.
På Europavegen ved Grov kan ein dagleg sjå hjort langs vegskuldera. Spesielt etter mørkets frambrot likar hjortane seg her. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Køyrde på vilt ved E39

Politiet ringde viltnemda.

Søndag kveld i 22-tida melde ein bilist inn til politiet om ein påkøyrsel av eit hjortedyr ved E39 på Grov.

– Dyret sprang vidare etter påkøyrselen, og det er snakk om materiell skader på bilen. Viltnemnda vart tilkalla, seier Gunnar Sande ved politihuset i Haugesund.

Politiet opplyser at ein ved påkøyrsel av dyr som hovudregelalltid bør melda i frå til politiet. Det er har med forsikring å gjera, i tillegg til at politiet sjølv tek kontakt med lokal viltnemd.