Rusa: Ein ungdom i slutten av tenåra vart sendt heim frå Leirvik. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Køyrde ungdom heim frå utestad

Hadde fått i seg mykje alkohol.

Ein ungdom i slutten av tenåra måtte køyrast heim til far sin 01.45 natt til laurdag, opplyser politiet i Sør-Vest.

«Vakter på ein utestad sleit med han og hans beruselse», skriv dei på Twitter.

Klokka 02.30 same natt fekk politiet melding om ein mann som sto og brølte ved Amfi Stord.

– Patruljen kom i kontakt med ein som er godt kjend for politiet, seier vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Håkon Tornes.

Mannen vart køyrd til eit hotell der han hadde sjekka inn tidlegare.