Trafikkulukke: Uhell mellom bil og moped på Bømlo. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Krasj mellom moped og bil

Ved bussterminal.

Like over klokka 15.00 måndag fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom ein moped og ein bil, like ved bussterminalen på Svortland på Bømlo.

Førar av bilen skal vera uskadd, medan mopedføraren får tilsyn av lege. Politiet melder på Twitter om ingen trafikale problem på staden.

Klokka 16.00 var politiet ferdige på staden.

– Mopedføraren er uskadd. Det blir ikkje oppretta politisak. Partane skriv skademelding på staden, opplyser politiet på Twitter.

Les også
Køyrde 96 km/t i 80-sona