Trafikkulukke: Søndag ettermiddag var eit einsleg køyretøy involvert i ei trafikkulukke på E39 ved Heiane. Dei materielle skadene var store, men personane i bilen blei berre lettare skadde. Foto: Kjetil Østrem

Krasja på Heiane

Store materielle skader etter krasj ved McDonalds på Heiane.

Det var i 15-tida søndag at ein bil krasja på E39 på Heiane.

– Eit einsleg køyretøy involvert. Store materielle skader. Personane i bilen vert sjekka av helsevesen, men det er ikkje snakk om alvorlege skader, melder Sørvest politidistrikt på Twitter.