annonse

KrF er klar valvinnar i Fitjar

VALVINNAR
VALVINNAR: KrF og Harald Rydland. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)
GÅR FRAM
GÅR FRAM: Senterpartiet og Karen Elisabet Rydland Sæbø. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)
GÅR FRAM
GÅR FRAM: Frp og Sigurd Andre Maraas. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)
MISTER MANDAT
MISTER MANDAT: Fitjar Høgre og Jo Kjetil Strand. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
STABIL
STABIL: Arbeidarpartiet og Kjell Nesbø. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

Kristeleg Folkeparti gjer eit brakval i Fitjar med 32,5 prosent oppslutnad.

Ingvild Siglen Berger

Det svarar til 6 av 17 mandat i kommunestyret, og ein framgang på 15,3 prosentpoeng.

Valresultatet i Fitjar vart klart like før midnatt måndag kveld. Det viser at Senterpartiet går opp med 7,5 prosentpoeng til 17,5 prosent oppslutnad og 3 mandat.

Arbeidarpartiet får ein liten nedgang frå førre kommunestyreval, med 16,7 prosent oppslutnad. Det er ein nedgang på 2 prosentpoeng, men partiet held seg stabilt med 3 mandat.

GÅR FRAM
GÅR FRAM: Senterpartiet og Karen Elisabet Rydland Sæbø. Foto: INGVILD SIGLEN BERGER

Skal fintelja

Høgre går ned med 21,1 prosentpoeng til 19,1 prosent oppslutnad. Dei ser førebels ut til å få 3 mandat.

Frp går opp med 5,3 prosentpoeng til 14,1 prosent oppslutnad og held seg på 2 mandat.

Personrøystene i Fitjar skal teljast tysdag. Mandatfordelinga er difor ikkje heilt endeleg. Ifølgje valgresultat.no er KrF nærast til å tapa eit mandat, og Frp nærast til å vinna eit mandat.

MISTER MANDAT
MISTER MANDAT: Fitjar Høgre og Jo Kjetil Strand. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Mangla ein

Av 2.438 røysteføre i Fitjar, gjekk 1.637 personar til urnene. Det er ein frammøteprosent på 70,8, ifølgje valgresultat.no

30 gav blanke røyster. Under oppteljinga vart det klart at det mangla éin røystesetel.

– Forklaringa er at éin røystesetel har fått stempel som ikkje har vorte registrert i manntalet. Det er lite truleg at denne røystesetelen ville hatt noko å seia for utfallet, seier Bente Fitjar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut