KrF og Harald Rydland.
KrF og Harald Rydland. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

KrF er klar valvinnar i Fitjar

Kristeleg Folkeparti gjer eit brakval i Fitjar med 32,5 prosent oppslutnad.

Det svarar til 6 av 17 mandat i kommunestyret, og ein framgang på 15,3 prosentpoeng.

Valresultatet i Fitjar vart klart like før midnatt måndag kveld. Det viser at Senterpartiet går opp med 7,5 prosentpoeng til 17,5 prosent oppslutnad og 3 mandat.

Arbeidarpartiet får ein liten nedgang frå førre kommunestyreval, med 16,7 prosent oppslutnad. Det er ein nedgang på 2 prosentpoeng, men partiet held seg stabilt med 3 mandat.

Skal fintelja

Høgre går ned med 21,1 prosentpoeng til 19,1 prosent oppslutnad. Dei ser førebels ut til å få 3 mandat.

Frp går opp med 5,3 prosentpoeng til 14,1 prosent oppslutnad og held seg på 2 mandat.

Senterpartiet og Karen Elisabet Rydland Sæbø.
Senterpartiet og Karen Elisabet Rydland Sæbø. Foto: Ingvild Siglen Berger
Frp og Sigurd Andre Maraas.
Frp og Sigurd Andre Maraas. Foto: Ingvild Siglen Berger
Fitjar Høgre og Jo Kjetil Strand.
Fitjar Høgre og Jo Kjetil Strand. Foto: Henrik Mundal Andreassen
Arbeidarpartiet og Kjell Nesbø.
Arbeidarpartiet og Kjell Nesbø. Foto: Marius Knutsen

Personrøystene i Fitjar skal teljast tysdag. Mandatfordelinga er difor ikkje heilt endeleg. Ifølgje valgresultat.no er KrF nærast til å tapa eit mandat, og Frp nærast til å vinna eit mandat.

Mangla ein

Av 2.438 røysteføre i Fitjar, gjekk 1.637 personar til urnene. Det er ein frammøteprosent på 70,8, ifølgje valgresultat.no

30 gav blanke stemmer. Under oppteljinga vart det klart at det mangla éin røystesetel.

– Forklaringa er at éin røystesetel har fått stempel som ikkje har vorte registrert i manntalet. Det er lite truleg at denne røystesetelen ville hatt noko å seia for utfallet, seier Bente Fitjar.