Første prognose for Fitjar syner at Harald Rydland og Fitjar KrF går kraftig fram.
Første prognose for Fitjar syner at Harald Rydland og Fitjar KrF går kraftig fram. Foto: Ingvild Eide/Arkiv

KrF kraftig fram i Fitjar

Førehandsrøystene for Fitjar kommune er klare.

Like etter klokka 22.00 kom den første prognosen for Fitjar, då resultatet av førehandsrøystinga vart gjort kjend. I Fitjar har 331 av 2.438 røysteføre førehandsrøysta.

Resultatet viser at fire av fem parti går fram frå førre kommuneval.

KrF går fram med heile 16 prosentpoeng til 32,2 prosent oppslutnad, medan Sp går fram 9,9 prosentpoeng til 19,9 prosent oppslutnad. Ap går marginalt fram med 0,9 prosentpoeng, til 19,6 prosent, medan Høgre går ned heile 24,6 prosentpoeng til 15,7 prosent oppslutnad.

Frp går fram med 2,6 prosentpoeng til 11,5 prosent oppslutnad.

Røysteteljinga i Fitjar held nettopp no på for fullt i Fitjar rådhus.