KRISELEIINGA: Stord kommune si kriseleiing. Kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt (f.v.), kommunelege Lars Helge Sørheim, kommunalsjef Knut Gram, rådmann Magnus Mjør, ordførar Gaute Straume Epland. Arkivfoto: Olav Røli

Kriseleiinga på Stord: – Viktig å vita at det er hjelp å få

Her kan du få hjelp – og dette gjer Stord kommune med tanke på mental helse.

Mange i samfunnet er bekymra for koronaviruset, og spesielt etter at dei landsomfattande tiltaka tredde i kraft torsdag.

Mellom anna har telefonlinjene hos legevakta gått i eitt, og aviser over heile landet, inklusive Stord får kontinuerleg inn tips og bekymringsmeldingar frå publikum. Ikkje berre kring sjukdom, men også praktiske bekymringar. Sunnhordland har kontakta Stord kommune for å høyra korleis kommunen tek vare på innbyggjarane si mentale helse i desse dagar.

– Me har ikkje ein eigen kommunepsykolog, men alle våre vanlege tenester kan ein nå per telefon. Tilsette er òg merksame på personar dei alt kjenner og følgjer desse opp, seier Mariann Jacobsen Hilt i ein e-post til Sunnhordland.

Les også
Koronasmitta person innlagt på Stord sjukehus

Barn som har det vanskeleg

Når det gjeld barn er det tilsette i førebyggjande tenester og i Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste som barn og unge kan ta kontakt med dersom dei har behov for å snakka med nokon andre, opplyser kommunalsjefen.

– Barnevernstenesta har og ei førebyggjande eining som har kontakt med dei som dei allereie kjenner. Me oppmodar barn, unge og vaksne som har behov for det å kontakt dersom dei har behov for det, seier kommunalsjefen, som opplyser at oppdatert kontaktinformasjon for Eining for førebyggjande tenester ligg på kommunen si nettside.

Tilsette i barnevernet som kan løysa oppgåvene sine frå heimekontor gjer dette. Det betyr at tilsette gjennomfører møter i akutte saker, men elles møter dei føresette, barn og unge på telefon eller nett. Kontaktpersonane/sakshandsamarane følgjer tett opp dei familiane dei har ansvar for, og særleg dei som ein er mest uroa for.

Les også
Tillitsvalt: — Legane er godt rusta

Barn og unge kan og kontakta nasjonal alarmtelefon for barn og unge, dei har telefonnummer 116111. Nasjonal alarmtelefon melder om ei auke i tal barn og unge som ringjer, noko dei også er rusta for.

Tilsette ved Nasjonal alarmtelefon for barn og unge har igjen kontaktinformasjon og telefonnummer til alle landets barnevernstenester og formidlar vidare kontakt dersom dei vurderer det.

Dei med særskilde behov

Helsedirektoratet sine retningslinjer for stenging av skule og barnehage gjev unnatak for barn og unge med særskilde omsorgsbehov. Tilsette i barnevernet har vore i dialog med barnehage og skule knytt til barn dei har oppfølging av, eller omsorg for med tanke på at dei har behov for tilbod på skule eller i barnehage, opplyser kommunalsjefen.

– Det er et mål å redusera og å førebyggja smitte, samstundes må me og ta vare på dei som treng det undervegs, slik at alle kan møta kvardagen igjen utan varige men, seier Mariann Jacobsen Hilt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Slik tek Stord sjukehus imot pasientar med koronasmitte

Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste har eigen vakttelefon, telefonnummer 919 14 430.

– Når det gjeld barn og unge er det viktig at vaksne og barn saman følgjer med på det som vert lagt ut av informasjon tilpassa barn både på nett og på TV, seier Hilt.

Ordføraren om mental helse

Oppdatert informasjon om telefonnummer ein kan nå dei enkelte på ligg på kommunen si nettsider. Kommunalsjefen legg også ved i ein e-post til Sunnhordland relevant kontaktinformasjon og telefonnummer, samt ein kommentar frå Stord-ordførar Gaute Straume Epland.

– No er me i ein krisesituasjon der dei vanlege tilboda held stengt og dagleglivet endrast drastisk. Me blir tvungen til å tilbringa mykje meir tid heime kvar for oss, og det betyr at dei som har det tøft frå før av vil få det enno vanskelegare no. Då er det viktig å vita at det er hjelp å få, melder Gaut Straume Epland.

Meir informasjon kjem kommunen til å leggja ut på sine nettsider. Du kan også lesa dokumentet i si heilskap her:

Les også
– Snapchat kan føra til mykje stress

«Her kan du få hjelp

Om du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig at du snakkar med nokon du stolar på. Sjølv om skulen held stengt no, så er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg.

I tillegg finst det fleire mogelegheiter til deg som treng nokon å snakka eller chatta med. Me har samla nokon her:

• Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er eit naudnummer for deg som er utsett for vald, overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan også ringa dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111 og held døgnope i tilknyting korona-situasjonen.

• BaRsnakk

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit chattetilbud til deg med foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open frå måndag til onsdag frå 17.00-20.00 og du kan skriva anonymt om det som opptek deg. Tilbodet vert driven av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukera.

• Kors på halsen

Eit tilbod til deg under 18 år, bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velja om du vil ringa, chatta, eller senda mail. Telefonen 800 333 21 er open frå måndag til fredag mellom 14.00-22.00. Du kan òg snakka med andre på din alder på forumet.

• SnakkOmPsyken.no

Blå Kors sin chatteteneste for deg mellom 9-19 år. Her kan du chatta om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag-torsdag frå 09.00-21.00, fredag frå 09.00-15.00, og søndag frå 15.00-21.00.

• UngPrat.no

Samtaleteneste til barn og unge mellom 13-24 år som trengjer nokon å prate med. Ungprat.no er ope søndag – fredag 09:00-21:00.

Les også
Tenåringsgutar skyr unna helsestasjonar for ungdom

Til deg som er bekymra for et barn

Når samfunnet stengjer ned mister barna våre kontakt med nettverket sitt i barnehagar, skular og på fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ein oversikt over kor du kan henvenda deg for å få råd og rettleiing:

• Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111

Alarmtelefonen er det nasjonale naudnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn kan ringe alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell og held døgnope i tilknyting korona-situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Vaksne for Barn

Tilbyr ei rådgjevingsteneste for deg med spørsmål om barn og unge kor du kan sende inn spørsmål skriftleg og få svar frå ein fagperson.

• Barnevernet.no

Barnevernstilsette er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa, for å sikra dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernsvakter og barnevernstenester i alle kommunar og korleis du melder di bekymring til barnevernet.

Les også
Liv Marit gjekk med ei konstant kjensle av å ikkje vera god nok

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ein krevjande tid for barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtera situasjonen, eller treng hjelp for å vera ein god forelder, er det fleire gode tilbod til deg.

• Mental Helse hjelpetelefonen: 116 123

Hjelpetelefonen er Mental Helses gratis døgnopne telefonteneste for alle som treng nokon å snakka med. Du kan vera anonym, og dei har teieplikt. Dei har også ein chat på sidetmedord.no.

• Kirkens SOS

Her kan barn, ungdom og vaksne ta kontakt for å snakke med nokon anten på telefon, på melding eller chat. Her kan ein ta kontakt på tlf.: 22 400 040 hele døgeret. SOS-chat er ope kvardagar kl. 18.30 – 22.30 og det er heilt anonymt.

• Foreldresupport

Foreldresupport er ein døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp, rettleiing eller har behov for å lufta tankane sine med nokon. Den vert driven av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2).

• Vold- og overgrepslinjen 116 006

Ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym.

• Anonyme Alkoholikere (AA)

Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap av kvinner og menn som deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for at dei skal kunna løysa sitt felles problem, og hjelpa andre å friskna til frå alkoholisme. Telefon: 911 77 770, ope måndag – fredag (11.00 – 15.00 og 18.00 – 22.00), laurdag – søndag (18.00 – 22.00)

• Rådgivningstelefon for pårørande

Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse og rus. Dei tilbyr rådgjeving om pårørandes rettar og behov, og om hjelpeapparatet. www.piosenteret.no. Dei har også ein chat for unge: http://piosenteret.no/pio-ung/chat.html

Les også
Stein og Solveig vil redda kvardagen til mange