Krisepakke: Regjeringa og Frp er samde om ei krisepakke for arrangørar av kultur- og idrettsarrangement som må avlysa som følgje av koronaviruset. Her er Susanne Sundfør frå ein konsert på Arena for nokre år sidan. Foto: Sunnhordland/Arkiv

Krisepakke til idrett og kultur

900 millionar til koronaråka kultur, idrett og frivillegheit

Regjeringspartia Høgre, Venstre, KrF - med støtte frå Frp - er blitt samde om ein kompensasjonsordning for arrangørar som må avlysa eller utsetja på grunn av koronarestriksjonar.

Kulturminister Abid Raja (V) opplyser til VG at 300 millionar kroner er til kultursektoren, medan 600 millionar kroner er til idrett og frivillegheit.

Les også
Sommarrevyen er Bakeriet Frugård sin gullkalv. Nett no heng han i ein tynn tråd

– Eg har vore særleg bekymra for kultursektoren, for den er i utgangspunktet svakare stilt. Det er den sektoren med flest sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Over 80 prosent har ikkje fast tilsetjing, og går i realiteten frå eitt oppdrag til eit anna, seier Raja til VG.

Han får støtte frå Kristin Ørmen Johnsen (H), soem er leiar for familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

– Kulturbransjen er sårbar, og støtte til dei som avlyser arrangement vil bidra til at me har ein levande bransje når dette er over. Utan eit aktivt kulturliv blir me ein fattig nasjon, seier Høgre-politikaren til VG.

Finansdepartementet sender onsdag ut eit brev til finanskomiteen på Stortinget om ordninga, som skal styrast av høvesvis Kulturrådet og Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Landet rundt har konsertar, fotballkampar, teaterstykke, friidrettsstemne, litteraturfestivalar og sportsturneringar blitt avlyste etter at kultur- og idrettsarrangement blei stengde og forbodne.