TRENG NYTT BYGG: Britt Helen Aasbø, dagleg leiar ved Krisesenter Vest IKS, fortel om planane og behovet for eit nytt, samlokalisert krisesenter. Arkivfoto: Per Egil Larsen

Krisesenter i 40 år - no vil dei ha eit nytt felles bygg

I år har krisesenteret 40 års jubileum. Så langt har dei hatt 219 brukarar innom i 2021.

Framover skal Krisesenter Vest IKS ta stilling til å byggja eit nytt, sentralisert krisesenter for området. I dette ligg det at ein vil leggja ned og byggja eit heilt nytt senter.

– Dette har me jobba med sidan 2018. Då løfta me det opp til representantskapet og fekk mandat til å jobba vidare med å kartleggja behovet for nytt samlokalisert senter, seier Britt Helen Aasbø, dagleg leiar ved Krisesenter Vest IKS, som har avdelingar i Haugesund og på Stord.

Les også
Solveig var innestengd i 48 timar før ho klarte å røma

Ikkje bygd for formålet

I 2010 kom Krisesenterloven, som seier noko om å gje eit tilbod til alle som er utsett for vald i nære relasjonar. Bygningsmassane på Stord og i Haugesund er ikkje bygd for dette formålet.

Det er nemleg krav om at krisesenteret skal vera ein trygg plass å opphalda seg både inne og ute for vaksne og barn. Forskrift for sikkerheit i krisesentertilbodet konkretiserer krava til fysisk sikkerheit.

– Menn som er råka av vald i nære relasjonar skal ha eit likeverdig tilbod, med eller utan barn. Det same gjeld dei som har tilleggsproblematikk, som rus, psykiatri eller funksjonshemjing. Dei er det vanskeleg å leggja til rette for no, fortel Aasbø.

Krisesenter Vest IKS vil difor samlokalisera eit senter for dei 16 eigarkommunane.

FORSLAG: Dette er eit av forslaga til korleis eit nytt krisesenter kan sjå ut. Foto: HOLON

– Dagtilbodet har vakse veldig

Kor det nye bygget skal liggja, er endå ikkje bestemt. No er forslaget ute på høyring i eigarkommunane, som ein ventar spent på resultatet frå.

– Har de nokon ønsker?

– Det må vera nokon faglege grunngjevingar for lokalisasjon, nærleik til naudetatar, offentleg kommunikasjon, butikkar, Nav og den type tenester, fortel Aasbø.

– Dagtilbodet har vakse veldig, ein treng eigna lokale til det. Det er tenkt inn dette med skjerma einingar for dei med rus og psykiatri, og menn. Lova seier at menn skal ha eit åtskild tilbod frå kvinner. Samstundes må me sørgja for at barn som kjem med sine fedrar, får eit likeverdig tilbod som andre barn som kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Krisesenteret blir ringt ned under pandemien

40 år med vald

I 40 år har Krisesenter Vest IKS gitt vern og bistand til kvinner, menn og barn. Med verdifull erfaring og kompetanse er krisesentertilbodet ein aktiv aktør innan førebygging, og kjempar mot vald i nære relasjonar.

I starten vart tilbodet drive av frivillige, før dei fekk litt midlar til å tilsetja i små stillingar. I 2010 kom ein lov som påla kommunar å ha eit tilbod som gjev fagleg kompetanse til sine innbyggjarar.

Kva har de lært?

– Vald fortset. Vald er vel like mykje til stades no, som for 40 år sidan. Den har nok blitt meir synleg, ein får betre hjelp og betre tilbod ute i kommunane, i dei ulike tenestene. No er det meir på agendaen, samfunnet pratar meir om det. Det er meir openheit. Ein treng ikkje å leva i valdelege relasjonar, og det finst hjelp å få.

ÅTTETAL: Slik kan krisesenteret også sjå ut, forslaget er eit såkalla åttetalsbygg. Foto: HOLON

Folkehelseforum

Aasbø trur det kjem til å fortsetja å vera eit behov for krisesenter i frykteleg mange år. På veg inn i framtida skal dei framleis jobba med førebygging.

– Ein må byrja så tidleg som mogeleg med haldningsarbeid, frå barnehagealder og oppover i trinna. For kommunen sin del gjeld det å ha handlingsplanar retta mot vald i nære relasjonar. Konkrete tiltak som er mogeleg å evaluera. Kommunane må visa til innbyggjarane at dei er med på å bidra til å førebyggja vald i nære relasjonar.

Nyleg feira dei 40-års jubileet med jubileumskonferanse i Haugesund. I dag skal dei ha innlegg under eit folkehelsearrangement på Stord folkehøgskule.

– Då blir det eit innlegg kor tema er negativ sosial kontroll. Det er noko me møter mykje i vårt arbeid. Håpet er at det kan nå ut til mange, og at folk tar seg tid til å delta, fortel Aasbø.

Les også
Skipar til folkehelseforum om sosial kontroll