PENGEGÅVE: Til venstre: Christoffer Rafdal (Montørklubben El& It) og Håvard Kvarme (Verkstadklubben) kunne dela ut pengar til Kenneth Stenbråten frå Maris (midten). Dei meiner det er viktig å visa medkjensle. Foto: Privsat

Kværner-klubbane delte ut pengegåve til Maris

LO-klubbane i Kværner gav 20.000 til Maris sitt arbeid.

LO-klubbane i Kværner har no gjeve 20.000 kroner til Maris sitt arbeid blant rusmisbrukarar. Dei meiner det er viktig å setja ting i perspektiv, og visa omtanke og medkjensle, trass i at leverandørindustrien og Kværner kjempar for eiga framtid.

Les også
Fryktar slutten for Kværner Stord i 2022

– LO-klubbane i Kværner ynskja å uttrykka si fulle støtte til det gode arbeidet som vert gjort i regi av Maris. Det vart gjeve ei gåve på kr 20.000 som kan stimulere til aktivitet og positive glimt i kvardagen. Rusmisbrukarar har ein samansett situasjon, og treng verkeleg ein plass som Maris, og spesielt i den utfordrande tida me er i no, heiter det i ei pressemelding frå Håvard Kvarme, sekretær og sosialtillitsvalt i Verkstadklubben.

Les også
Maris må sannsynlegvis halvera staben

Maris skal frå denne våren ikkje lenger tilby LAR-behandling til sine brukarar, men skal vera eit lågterskeltilbod. LAR-behandlinga skal over til Helse Fonna.