Statfjord A har gjort jobben på havet. No skal plattforma tilbake der ho vart bygt for 42 år sidan.
Statfjord A har gjort jobben på havet. No skal plattforma tilbake der ho vart bygt for 42 år sidan. Foto: Per Egil Larsen / arkiv

Kværner skal demontera Statfjord A-plattforma

42 år etter at plattforma forlet Stord, kjem ho tilbake.

Kværner er tildelt ein kontrakt frå Allseas for demontering og gjenvinning av dekket til Equinors Statfjord A-plattform i Tampen-området i Nordsjøen. Det melder Kværner torsdag formiddag.

Statfjord A blei opphavleg bygt på Kjøtteinen. 42 år etter utseglinga til feltet, er det no klart at plattformdekket returnerer til Stord for å avslutta sin livssyklus. Ambisjonen er å gjenvinna meir en 98 prosent av materiala til nye formål, melder selskapet.

Plattforma består av eit betongunderstell (GBS) som står på havbotnen og ber vekta av plattformdekket på omtrent 48.000 tonn. Både betongunderstellet og plattformdekket blei levert av Kværner på 1970-talet. Statfjord A har bidrege til store delar av Norge sin olje- og gassproduksjon sidan starten 24. november 1979.

Plattforma var den første installasjonen på Statfjord-feltet, som har vore Norges mest produserande oljefelt.

Equinor har valt Allseas til å gjennomføra all prosjektering, førebuing, fjerning og avhending av plattformdekket av Statfjord A-plattforma.

Deler av Statfjord A vart bygd på skipa «Tom» og «Tina,» og ruva godt på verftsområdet. Frå venstre Jan Olav Opedal, administrerande direktør ved Aker Stord Arne van der Hagen, informasjonsdirektør i Aker Arne Halvorsen, og informasjonsdirektør Håkon Lavik i Statoil.
Deler av Statfjord A vart bygd på skipa «Tom» og «Tina,» og ruva godt på verftsområdet. Frå venstre Jan Olav Opedal, administrerande direktør ved Aker Stord Arne van der Hagen, informasjonsdirektør i Aker Arne Halvorsen, og informasjonsdirektør Håkon Lavik i Statoil. Foto: Tor Resser
Statfjord A i Digernessundet 1977.
Statfjord A i Digernessundet 1977. Foto: Tor Resser

– Dette inkluderer også dei marine operasjonane, inkludert løfting av plattformdekket frå betongunderstellet og transporten til land på verdas største løftefartøy, «Pioneering Spirit», melder Kværner.

Ved ankomst til Kjøtteinen vil plattformdekket bli overført til lekteren «Iron Lady» før innlasting til gjenvinningsanlegget. Kværner sitt arbeid inkluderer klargjering av kaiområdet for innlasting, assistanse i samband med innlastinga og gjennomføringa av demontering av plattformdekket.

Les også: Statfjord A-demoleringa vil sikra 200 årsverk(+)

Gjenvinningsanlegget ligg ved sida av Kværner sitt anlegg for bygging av nye plattformer. Dette gir synergier i samband med HMS og kostnadseffektiv gjennomføring av prosjekt, melder Kværner.

– Statfjord A har skapt verdiar og sysselsetjing i fleire tiår. Dette held fram når me startar prosessen som gjer det mogeleg å gjenbruka tusenvis av tonn med høgverdige material for framtidige føremål. Me er glade for å vera involvert i gjenvinninga av den største strukturen som vert fjerna frå norsk sokkel så langt. Omfanget av dette prosjektet vil gi ei styrking av Kværner sitt toppmoderne anlegg for gjenvinning av offshore-installasjonar, seier Karl-Petter Løken, konsernsjef i Kværner, i ei pressemelding.

Statfjord A på Statfjordfeltet i Nordsjøen er ein Condeep oljeplattform. Dette er ein type oljeplattform med betongunderstell som står fast på havbotnen. Dekket til Statfjord A plattforma er bygd ved Stord Verft, - seinare Kværner Stord. Plattforma vart sett i produksjon 24. november 1979.