Ei kvinne i 70-åra vart alvorleg skadd i ei bilukke nord for Haukås i Sveio. Ei anna kvinne også i 70-åra og frå Stord vart lettare skadd.
Ei kvinne i 70-åra vart alvorleg skadd i ei bilukke nord for Haukås i Sveio. Ei anna kvinne også i 70-åra og frå Stord vart lettare skadd. Foto: MORTEN VINTERLAND

Kvinne frå Stord alvorleg skadd i bilulukke

To kvinner i 70-åra frå Stord vart frakta til akuttmottaket etter kollisjon på E39.

Fredag ettermiddag køyrde ei kvinne som er i slutten av 70-åra og frå Stord, over i motsett køyrefelt på E39 like sør om Førde i Sveio. Der trefte ho ein annan bil, køyrt av ei kvinne i byrjinga av 70-åra, som også er frå Stord.

– Kvinna som kom over i feil køyrefelt var på veg sørover, og i kollisjonen vart ho alvorleg skadd, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved politistasjonen i Haugesund.

Begge sjåførane vart frakta til akuttmottaket på Haugesund sjukehus. Den andre kvinna skal ha blitt lettare skadd.

Ulukka vart meld til naudetatane klokka 15:03 fredag ettermiddag, og fram til politiet byrja å sleppa trafikken forbi i 16-tida, var det store køar på staden.

Politiet visste laurdag ettermiddag ikkje noko meir om tilstanden til kvinna som vart alvorleg skadd.

Ulukka skjedde på E39 omlag to kilometer sør for Førde i Sveio.
Ulukka skjedde på E39 omlag to kilometer sør for Førde i Sveio. Foto: STATENS KARTVERK/SUNNHORDLAND

KORRIGERING: Første informasjon frå politiet fredag gjekk på at kvinna som kom over i feil køyrefelt var på veg nordover. Dette stemte ikkje. Kvinna var på veg sørover, og artikkelen har no blitt korrigert med korrekt køyreretning.