Rykte ut: Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke på Bømlo tysdag morgon. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Kvinne i MC-ulukke ved skule

Ambulanse er på staden.

Tysdag morgon har naudetatane rykt ut på melding om eit trafikkuhell på Idrettsvegen ved Svortland skule på Bømlo.

– Det er snakk om ei singelulukke med MC, det er ingen andre køyretøy involvert, seier operasjonsleiar Toralv Skårland hos Sør-Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Han opplyser at ambulanse er på staden, og at politiet er på veg. Også mannskap frå Bremnes brannstasjon har rykt ut, melder 110 Sørvest på Twitter klokka 08.08.

– Føraren er våken, og har opplyst om smerter i ein fot, fortel operasjonsleiaren.

Skårland fortel at føraren er ei kvinne, som dei førebels ikkje veit alderen på. Politiet fekk melding om ulukka klokka 08.02 via AMK.

Like før klokka 09.00 blir det opplyst at kvinna er frakta til sjukehus med ambulanse.

– Politiet er på staden og gjer undersøkingar, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.