POLITI: Ei kvinne er frakta til Haukeland universitetssjukehus med hovudskader etter ein påkøyrsel ved Vabakkjen på Stord. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Kvinne til Haukeland med hovudskader etter påkøyrsel

Bilførar i 60-åra mista førarkortet.

Klokka 14.05 fekk politiet melding om at ei kvinne skal ha ha blitt påkøyrd av ein bil ved ein parkeringsplass ved Vabakkjen på Stord.

– Pasienten var våken og vart teken hand om av ambulanse, og køyrd til legevakta. Politiet har avhøyrt vitne, samt avhøyrt ein person som har status som mistenkt i saka, seier vaktsjef Britt Jorunn Løvereide ved politihuset i Haugesund.

Ei kvinne i 60-åra samtykka til at politiet tok beslag i førarkortet hennar på staden. Sør-Vest Politidistrikt melder klokka 15.40 at kvinna vart frakta vidare til Haukeland universitetssjukehus etter besøket på legevakta. Politiet etterforskar saka vidare.