Natt til tysdag får me sørvest stiv kuling på kysten.
Natt til tysdag får me sørvest stiv kuling på kysten. Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv

La båten liggja i natt

Det er sendt ut farevarsel gult nivå for Vestlandet.

Frå natt til tysdag er det venta sørvest stiv kuling på 15 m/s.

Meteorologisk institutt rår til at småbåtar blir liggjande. Farevarselet gjeld for området Karmøy i sør til Fedje i nord.

Det er også venta mykje nedbør på delar av Vestlandet tysdag. Det er difor sendt ut jordskredvarsel gult nivå for delar av Vestlandet og Møre og Romsdal.