STENGD: Ein lastebil har stoppa i Bømlafjordtunnelen måndag ettermiddag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Redusert fart etter at lastebil fekk stans i tunnelen

Nedsett hastigheit i Bømlafjordtunnelen på E39.

Like før 14.30 måndag blei Bømlafjordtunnelen stengd på grunn av ein lastebil som hadde stoppa i tunnelen.

– Det er kontroll over situasjonen, både brannvesen og politi er på staden. Det skal vera snakk om ein luftslange som må reparerast. Me veit ikkje kor lang tid det vil ta, seier trafikkoperatør Jan Erikstad hos Vegtrafikksentralen til Sunnhordland.

Klokka 14.52 blei det meldt om redusert framkomme og nedsett hastigheit i deler av tunnelen på grunn av lastebilen.

Søndag var det reine «havari-texas», då tunnelen tok knekken på tre køyretøy på under to timar.