Fleirtalet av partia i Stord kommune fredar alle dei kommunale barnehagane, inkludert Furuly på biletet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Legg ikkje ned barnehagar

Fleirtalet fredar barnehagane.

Då kommunestyret skulle behandla den betente barnehagesaka i Stord i dag, starta møtet med at Katrin I. Ankervold la fram eit forslag frå partia Ap, Sp, KrF, Høgre og Frp som sikrar vidare drift i alle dei kommunale barnehagane i kommunen.

I forslaget, som då er sikra fleirtal, heiter det mellom anna at kommunestyret ber rådmannen starta ein prosess for å mellombels redusera talet på barnehageplassar i kommunen frå og med hausten 2020, og at denne prosessen skal utførast i dialog med dei tilsette sine organisasjonar.

Les også
Foreldre og barnehagetilsette heldt tordentalar under open høyring på Rådhuset

Forslaget seier også at rådmannen må inngå dialog med private barnehagar, med mål om å avgrensa inntaket av born utan rett til plass.

Private barnehagar skal ikkje få innvilga dispensasjon frå barnehagenorma, og den neste barnehageutbygginga skal vera kommunal, og i bydelen Sagvåg, står det i forslaget.

Sunnhordland kjem tilbake med meir frå kommunestyret utover ettermiddagen.