Harmonie har bestemt seg for å avslutta produksjonen i fabrikklokala på Sjoareset i Fitjar i sommar.
Harmonie har bestemt seg for å avslutta produksjonen i fabrikklokala på Sjoareset i Fitjar i sommar. Foto: Per Egil Larsen/Arkiv

Legg ned fabrikken

Harmonie legg ned vindusfabrikken på Fitjar.

Det skriv selskapet i ei pressemelding onsdag.

– Sidan Harmonie blei starta i 2011 har me opplevd enorm suksess og vakse formidabelt kvart einaste år. I 2017 valde me å kjøpa eigen vindusfabrikk for å ta kontroll over det viktige leddet i verdikjeda som produksjonen står for. Det har vist seg i ettertid å vera vanskeleg å få til god nok produktivitet i fabrikken, og me ser at behovet for store investeringar er naudsynt for å skapa ei tilfredsstillande lønsam drift vidare, heiter det i pressemeldinga.

Les også: 37 tilsette må finna seg nytt arbeid

Harmonie har difor bestemt seg for å avvikla produksjonen på Fitjar i sommar.

– Dette medfører ein nedbemanningsprosess som omfattar alle tilsette som er tilknytt fabrikken, skriv Harmonie i pressemeldinga.

Fabrikken har omkring 40 tilsette som vert råka av avgjerda.

Les også: – Tenkjer på dei som vert råka