«Statsraad Lehmkuhl» får batteri om bord som vert lada av skipet sin propell.
«Statsraad Lehmkuhl» får batteri om bord som vert lada av skipet sin propell. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Lehmkuhl» blir elektrisk

Neste år kan seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» gli ut Vågen i Bergen heilt utan utslepp.

Enova støttar det innovative batteriprosjektet med over fire millionar kroner.

– «Statsraad Lehmkuhl» har vore relativt miljøvennleg i over hundre år allereie. Store delar av året er det trass alt vindkraft som står for framdrifta. No skal me gjera ho endå meir miljøvennleg for dei neste hundre åra, og håpar skipet blir ein føregangsmodell både for andre seglskuter og fleire typar fartøy, seier direktør Haakon Vatle i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl i ei pressemelding.

Enova bidreg med i overkant av 4,2 millionar kroner til ombygginga.

– Med tanke på batterirevolusjonen til sjøs kan me med rette seia at det blæs ein vind over maritim sektor for tida. Det pågår no prosjekt som testar ut batteriløysingar i nær sagt alle skipstypar – no også seglskipm sier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Selskapet, som arbeider for Norge si omstilling til lågutsleppssamfunnet, seier dei ser på «Statsraaden» som eit viktig utstillingsvindauge for ny teknologi.

Stiftingsdirektør og storabu Haakon Vatle gler seg over Enova-støtta som får «Lehmkuhl» over på batteridrift.
Stiftingsdirektør og storabu Haakon Vatle gler seg over Enova-støtta som får «Lehmkuhl» over på batteridrift. Foto: Henrik Mundal Andreassen

– «Statsraad Lehmkuhl» spelar ei betydningsfull rolle i utdanninga av norske sjøkrigsskulekadettar, i tillegg til videregåandeelevar og lærlingar innan maskinist- og matrosfaget. No vil skipet gi neste generasjon sjøfolk tidleg erfaring med ny teknologi. Det vil bidra til å byggja haldningar og kunnskap om batteriløysingar som dei kan ta med seg vidare i karrieren, seier Nakstad i Enova.

I dag nyttar skipet dieselgeneratorar til drifta av skuta, i tillegg til framdrift ved behov. Etter installasjonen vil batteriet bistå med begge delar, og avgrensar dermed kor mange generatorar ein treng å holda i gang. Men batteri gir også rom for å utnytta vinden i segla endå betre, ifølgje Enova.

– Propellen på skipet kan også brukast til å generera energi, litt som ei vindmølle. Denne energiproduksjonen varierer med farten til skuta, så han er ikkje konstant, men med vårt system kan energien lagrast på batteri og vera tilgjengeleg til bruk når det trengs miljøvennleg motorkraft, eller til bruk i den daglege drifta om bord, for eksempel til varme og matlaging, seier Sigurd Øvrebø, produktsjef for elektro- og energisystemer i Rolls-Royce Marine, som er teknologileverandøren i prosjektet.

Samtidig med installasjonen av batteri vert skipet klargjort for landstraum med mogelegheit for lading i hamn. Det gir miljøvennlege anløp til hamnene skuta besøker, ikkje minst i heimehamna Bergen der kombinasjonen av batteri og landstraum vil gi nullutslepp.

– Me gler oss kanskje aller mest til rolege middagar utan duren frå dieselgeneratorane, seier Vatle i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har stadig større fokus på miljø og bærekraft, og i åra framover planlegg me å leggja ut på ulike klimatokt. Kva er vel meir rett enn å gjera det med batteri om bord? spør stordabuen.

Les også: Får støtte til å innreia banjerdekket på DS «Stord 1»

Fartøyet ligg no i dokk i Laksevåg for melloma anna å byggja batterirom. På grunn av skipet sine mange planlagde seglasar framover er prosjektet tidlegast gjennomført i november.