INGEN SAKER: Sunnhordland tingrett skal berre handsama nokre få saker dei nærmaste vekene. Elles er alt avlyst og utsett inntil vidare. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Må venta på rettssaka

Brørne Husom gjekk til sak mot Stord og Kristiansand kommune. Men no er rettssaka avlyst.

Til liks med mange andre funksjonar i samfunnet, er også domstolane råka av korona-krisa. Før helga melde dei at det no berre er eit fåtal saker som vert teke opp fram til og med 26. mars.

* Varetektsfengslingar.

* Domstolskontroll av straffeprosessuelle tvangsmiddel.

* Domstolskontroll av hastevedtak om bruk av administrativ tvang.

* Mellombelse avgjerder som er naudsynte for å ta vare på liv, helse og tydelege samfunnsinteresser.

Dette melder domstol.no.

Ein av rettssakane som vert råka, er saka som brørne Lars-Erik og Martin-Alexander har mot Stord og Kristiansand kommune. Saka skulle starta i dag, måndag, og vara til og med torsdag. Men no er ho utsett.

– Det er klart dette er keisamt, men sånn er det berre, seier Lars-Erik til Stord24.

Han legg til at prosessen fram mot rettssaka har vore tøff, og ei psykisk påkjenning.

Husom-brødrene: Her er dei to brørne, Lars-Erik og Martin-Alexander, som barn. I dag skulle dei ha møtt Stord kommune i retten, men saka er utsett. Foto: Privat

Ifølgje advokat Camilla Myhrer Abrahamsen, som skulle vera prosessfullmektig for brørne, var det ført opp ni vitne frå deira sida. Samla erstatningskrav er 3,6 millionar for ein av brørne, og 5,2 millionar for den andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er uvisst når saka kan komma opp igjen.

Les også
Brør førebur søksmål mot kommunen