Heimekontor med mykje stillesitjing og lite forandring kan føra til at me hugsar dårlegare enn om me møter opp fysisk på jobben. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB / NPK

Mange opplever auka stress og slitasje etter lang tid med heimekontor

Ei fersk undersøking viser at mange, etter snart ti månader med heimekontor, merkar at det tek på.

Meir stress, redusert trivsel og manglande balanse mellom jobb og fritid er noko av det som pregar menneske som har jobba lenge på heimekontor, ifølgje undersøkinga frå Rambøll.

Vetle Høivang i Rambøll Management Consulting seier i ei pressemelding at det er fleire tydelege teikn på slitasje hos mange no. Han fortel at det før sommaren i fjor var mange som hadde ein tanke om at «dette går overraskande bra».

– No ser me fleire kritiske tilsette. Den største endringa ser me for opplevinga av stress og balanse mellom jobb og fritid. Det gjeld for alle, men det gjeld i størst grad for dei som er avhengige av å samarbeida med andre, seier han.

Han fortel at færre trivst med situasjonen, og det er færre som svarar at dei vil halda fram med å bruka heimekontor når dei kjem tilbake i ein normalsituasjon.

Les også
Norske par har halde saman gjennom pandemien

(©NPK)