Blei stoppa: Ein mann i 30-åra blei meldt for tre ulovlege forhold etter ein mopedtur laurdag. Foto: Illustrasjonsfoto

Tre lovbrot på same moped

Mykje på éin gong for mann i 30-åra.

Midt på dagen laurdag stoppa politiet ein moped med to personar.

Førar av mopeden, ein mann i midten av 30-åra, hadde ikkje gyldig førarkort. Han framstod samstundes ruspåverka og eigarforholdet til mopeden var uavklara. Vedkommande blei teken til legevakta for blodprøve, melder politiet på Twitter.

Seinare melde politiet at føraren var meldt for køyring utan gyldig førarkort, køyring i ruspåverka tilstand og tjuveri/heleri av moped.