NYTT TILFELLE: Ein 25 år gammal mann har fått påvist korona. Til og med utgangen av sist veke hadde 3.323 personar testa seg i kommunen sitt testsenter. Foto: Ingvild Siglen Berger

Mann (25) har fått påvist koronavirus. 13 nærkontaktar er i karantene

Skal ha vore på reis utanfor kommunen.

Ein 25 år gammal mann fekk tysdag positivsvar på covid-19-prøve etter test dagen før.

«Vore på reis utanfor kommunen. Isolert. Lette symptom. Sporing utført og 13 nærkontaktar varsla om karantene», melder Stord kommune på sine nettsider.

Tidlegare i dag blei det også kjend at fem utanlandske arbeidarar har meldt positiv ved første test.

Med dei seks nye tilfella har 41 personar testa positiv på koronaprøven sidan mars. I alt har 23 av dei 40 tilfella på Stord vore innleigd utanlandsk personell.

– Me ser at me får positive prøvesvar, og at folk testar positivt om dei ikkje er sjuke. Eg vil jo anta at dette er eit bilete å smittesituasjonen ein har i Polen, seier kommunikasjonssjef ved Kværner, Odd Naustdal til Sunnhordland.

Les også
Fem utanlandske arbeidarar har testa positivt på Stord

Som eit tiltak har Kværner innført krav om testing i Polen. Dette har dei to siste vekene vore i innkøyringsfasen. Ifølgje Naustdal vil det for dei som kjem til helga vera eit absolutt krav om koronatest før ein får setja seg på flyet.

Naustdal seier at dei ikkje jobbar med nye tiltak knytt til problematikken.

Kommunelege i Stord, Lars Helge Sørheim, seier at han ikkje har noko meining om verdien av null-testen, når det no likevel dukka opp fem nye tilfelle knytt til Kværner.

– Eg veit ikkje kor mange som blei avvist i Polen. For meg seier dette noko om verdien av test 1 som skjer her i Norge og at me får isolert dei smitta, seier Sørheim.

Les også
Er redde for stigmatisering av utanlandske arbeidarar