Bråk på Rommetveit: Ein mann laga bråk på Rommetveit natt til laurdag, og politiet måtte rykkja ut. Foto: Sunnhordland/Arkiv

Mann banka på dører og vindauge i nattemørket - før han skjelte ut politiet

Sterkt rusa mann i 20-åra gjekk amok.

Natt til laurdag kom det inn fleire meldingar til politiet om ein mannsperson som gjekk og hamra på dører og vindauge i eit nabolag på Rommetveit på Stord.

Kjenning

– Det var snakk om ein særs full og rusa narkoman, og kjenning av politiet, i slutten av 20-åra, fortel vaktsjef Dan Magne Gaard ved politistasjonen i Haugesund.

Då politipatruljen kjem til staden, og prøver å visa mannen bort, skal vedkommande vera svært lite samarbeidsvillig.

– Etter kvart endar det med at han kjem med ein del skjellsord, og blir til slutt meldt for både forulemping av offentleg tenestemann og ordensforstyrring.

Kontroll

Politiet får kontroll over situasjonen, og endar opp med å køyra mannen heim til bupel, litt sør for Leirvik sentrum.

– Dette tok han til etterretning, og gjekk og la seg, fortel Gaard - som ikkje ønskjer å kommentera kva skjellsord det var mannen kom med.

Meldinga til politiet kom klokka 01.35.