Bortvist: Ein mann i byrjinga av 30-åra blei bortvist frå Leirvik sentrum, etter å ha urinert i gata, og krangla med politiet. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Mann vist bort

Det har vore ei roleg natt for politiet, men i Leirvik sentrum bestemte ein mann seg for å krangla.

Klokka 02.38 natt til søndag fekk politiet melding om ein mann i starten av 30-åra som laga bråk ved ein uteplass.

Mannen, som skal ha vore sterkt rusa, skal ha urinert i gata og krangla med politipatruljen. Han blei vist bort frå sentrum, ifølgje operasjonsleiar Kari Rørtveit ved Sørvest politidistrikt.