Politiet måtte visa bort ein mann etter å ha knust ei rute. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Mann i 20-åra knuste rute på gatekjøken

Natt til søndag blei ein mann i 20-åra vist bort frå Leirvik sentrum etter å ha utført hærverk.

Det melder politiet på Twitter. Mannen blei vist bort til klokka åtte dagen etter, og lova å ta kontakt med gatekjøkenet for å gjera opp for seg.

– Om ikkje mannen gjer opp for seg, vil han risikera å bli meldt, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt, Olaug Bjørnsen.

Politiet vil ikkje opplysa kva gatekjøken det gjeld.

Natt til søndag måtte politiet også visa bort ein mann frå ein utestad, etter at han hadde slege og sparka på inventar.