POLITI: Fredag kveld rykte politiet ut til ei adresse på Stord etter meldingar om bråk. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Mann i 30-åra sett i arresten

Lagde bråk på adresse.

Stord lensmannskontor rykte ut til ei adresse på Stord fredag kveld, etter melding om styr på ei privat adresse.

– Ein mann i 30-åra hadde laga bråk, og vart teken med i arresten sidan han var såpass full at han ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv, seier vaktsjef Odd Helge Åkset ved politihuset i Haugesund.

Ifølgje politiet skal bråket ha skjedd mellom kjenningar av kvarandre.