Ein mann i 40-åra døydde i ei ulukke på Finnås måndag kveld.
Ein mann i 40-åra døydde i ei ulukke på Finnås måndag kveld. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON

Mann i 40-åra døydde i ulukke

Jobb med motorsag og rotvelt enda tragisk.

Det var i 15.30-tida måndag det kom melding om ei ulukke på Finnås. Alle naudetatane vart sende til staden.

– Ein person vart utsett for ei ulukke i samband med jobbing med eit rotvelta tre, opplyser Dan Magne Gaard, vaktsjef Haugesund, i Sørvest politidistrikt, til Sunnhordland.

Ifølgje Gaard skal han ha vorte liggjande under treet. Det vart utført livreddande førstehjelp, men mannen vart erklært død på staden.

Den omkomne er ein mann i 40-åra.

Saka vert etterforska vidare av Stord lensmannskontor. Etterforskingsleiar Trond Atle Sjøvold har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Det varBømlo-nytt som først melde om saka.