Ulukke: Litauaren vart henta med luftambulanse og frakta til Haukeland universitetssjukehus. Tysdag kom beskjeden om at mannen omkom. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Mann i 60-åra omkom

Den litauiske mannen som vart funnen bevisstlaus ved ein parkeringsplass på Eldøyane måndag, er død.

Det opplyser etterforskingsleiar Roald Raunholm ved Stord lensmannskontor.

– Me fekk beskjed frå Haukeland i dag tidleg. Dei pårørande i heimlandet er varsla, seier Raunholm til Sunnhordland.

Også transportfirmaet som mannen arbeida for, er varsla.

Les også
Mann i 60-åra til Haukeland med luftambulanse

Førstehjelp på staden

Det var måndag morgon klokka 09.42 at naudetatane rykte ut til Eldøyane, etter melding om funn av ein bevisstlaus mann ved ein parkeringsplass, der det hadde vore arbeid med lossing av utstyr frå ein lastebil.

Arbeidarar frå Marine Aluminium byrja med førstehjelp på staden, og etter få minutt kom også ambulanse, og luftambulanse, til staden. Mannen vart floge til Haukeland universitetssjukehus, der han seinare omkom. Saka vert etterforska som eit arbeidsuhell, og Arbeidstilsynet er varsla.

Ynskjer obduksjon

Etterforskingsleiaren fortel at dei no vil begjæra rettsleg obduksjon for å kartleggja dødsårsaka. Dei første meldingane gjekk på at det hadde vore ein fallskade, men det skal ikkje ha vore vitne som såg kva som skjedde før mannen vart funnen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vera helsemessige årsaker, men det veit me ikkje. Dette skal etterforskast. Det vart gjort ein del politiarbeid på staden, mellom anna vart det teke fleire avhøyr. Det som står att er å finna dødsårsaka, og er det noko relatert til helse vil ikkje saka gå vidare, seier Raunholm.

Mannen i 60-åra var sjåfør av ein trailer registrert i Litauen.

– Han jobbar ikkje hos oss, men var her for å lossa av varer. Han var ferdig med lossinga, og heldt på med å gjera seg klar til å reisa att. Då var det nokon arbeidarar hos oss som såg at han låg på bakken. Dei starta med førstehjelp og ringde naudnummeret. Ingen har sett nøyaktig kva som har skjedd, så om det var medisinske årsaker eller andre ting, veit me ingenting om enno, sa dagleg leiar Arild Frøkedal i Marine Aluminium til Sunnhordland måndag.

Les også
Etterforskar saka som eit arbeidsuhell