Politiet ser at ein mann prøver å gå inn døra hos meldaren på Hystad.
Politiet ser at ein mann prøver å gå inn døra hos meldaren på Hystad. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Mann luska i hagen og prøvde å koma seg inn

Politiet var to minutt unna.

Ein bebuar på Hystad oppdaga natt til søndag brått ein mann ute i hagen sin. Han vart såpass skremd at han ringde til politiet.

– Mannen melde at han såg ein kar som luska ute i hagen hans, og som kika inn stoveglaset hans, seier vaktsjef Dan Magne Gaard ved politistasjonen i Haugesund.

Ein politipatrulje var i nærleiken og etter to minutt var dei framme ved bustaden. Patruljen ser då at ein mann prøver å komma seg inn i huset.

– Politiet tok kontakt med han, og såg at han var rusa. Dette er ein kjenning av politiet, ein mann i slutten av 20-åra, seier Gaard.

Mannen ikkje vart ikkje teken i varetekt av patruljen, sidan nokon straffbar handling ikkje var utført ifølgje dei. Politisak er difor ikkje oppretta på hendinga. Men politiet har loggført det.

– Patruljen ser at han prøver å gå inn døra. Han står fram som rusa, men ikkje så rusa at han vert teken i arrest. Fornærma ønskte heller ikkje påtale, og ikkje patruljen sidan dette var såpass vagt, seier Gaard, som fortel at patruljen i staden valde å køyra mannen heim til sin eigen heim.