Øltjuv: Mannen var tørst, men ville ikkje betala for seg. Arkivfoto

Mannen var ute etter øl

Prøvde å lura med seg ut 12 øl frå butikk.

Torsdag kveld vart personalet på Coop Extra på Amfi Stord merksame på ein kar som prøvde å stela øl.

– Han vart teken på fersken av beteninga, då han prøvde å lura med seg 12 øl. Politiet kom og avhøyrde vedkommande på staden. Han vart sleppt fri, men det er oppretta sak, opplyser Sør-Vest politidistrikt på Twitter.