Politiet måtte dempa ein båtfest natt til måndag.
Politiet måtte dempa ein båtfest natt til måndag. Foto: Henrik Mundal Andressen/Arkiv

Måtte dempa båtfest

Politiet måtte natt til 2. pinsedag dempa ein fest på båt. Ei av dei ombord vart meld.

Klokka to natt til måndag fekk politiet melding om fest på ein båt i båthamna.

– Patruljen var der like etter for å dempa musikken. Fleire av dei i båten var kverulerande mot politiet, fortel vaktsjef Kari Børtveit ved Haugesund politistasjon.

Ei dame i byrjinga av tjueåra vart meld for forulemping av politiet og ordensforstyrringar.