2019: Resultata til Vest politidistrikt viser at talet på hatkriminalitet har auka det siste året. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Meir hatkriminalitet det siste året

Registrert hatkriminalitet har auka med 82 prosent i Vest politidistrikt siste året.

Politidistriktet legg i dag fram resultat for delar av verksemda i 2019.

I 2019 blei 78 saker registrert som hatkriminalitet. Det er ei auke på 82 prosent frå 2018 og heile 169 prosent frå 2017, opplyser dei i ei pressemelding.

Hatkriminalitet er straffbare handlingar motivert av fordommar knytt til etnisitet, religion, seksuell orientering og funksjonshemjing og kjem oftast som vald og truslar.

Les også
Politiet må kutta

Politiet har i 2019 prioritert området særskilt, både internt og i samarbeid med andre.

Det vart registrert åtte drap i Vest politidistrikt i 2019, noko som utgjer heile 30 prosent av alle drap i Norge i 2019. Alle dei sikta er menn. Av ofra var fire menn og fire kvinner. Alle sakene er rekna som oppklart.

Lågaste på fem år

Talet på meldte lovbrot i Vest politidistrikt er det lågaste på fem år, men nedgangen flater noko ut i 2019 med 30 576 meldte lovbrot. Vinning utgjer den klart største delen meldte lovbrot trass i ein nedgang på nesten 30 prosent dei siste fem åra.

Politiet har dei siste åra hatt fokus på bakmenn. Tala syner ein oppgang i talet på grove narkotikasaker i 2019 samanlikna med dei siste fire åra, medan dei mindre grove narkotikasakene går ned og er på det lågaste nivået i siste femårsperiode.

Les også
– Å bli politi har vore ein draum sidan eg var liten

Tala speglar politiet sin innsats på området og gir ikkje haldepunkt for å seia at det har vore ein nedgang i sal eller bruk av narkotika i politidistriktet.

Totalt 30 880 saker blei 2019 påtaleavgjort med ein oppklaringsprosent på 50,7 prosent, som er om lag likt som i resten av landet.

Fleire ringjer 112

Vest politidistrikt sin operasjonssentral tok imot 78 217 telefonar til 112 i 2019, ei auke på 29 prosent samanlikna med 2018. Av desse fekk 98,2 prosent svar innan 20 sekund, noko som er godt over kravet til svartid (aksesstid).

Artikkelen held fram under annonsen.

Politidistriktet er så vidt over krava til responstid i saker som krev rask utrykking. Responstid er tida det tar frå telefonen ringjer ved operasjonssentralen til første politieining er på staden. Som i resten av landet har Vest politidistrikt mål om å få ned responstida ytterlegare i 2020, skriv dei.

Les også
Ingen omkom i brann på Stord i 2019