KORONAVIRUS: Fitjar kommune melder at ein ny person er påvist smitta av koronavirus. Dette er det tredje påviste smittetilfellet i kommunen. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Melder om nytt koronasmitte-tilfelle i Fitjar

Tre personar er no påvist koronasmitta i kommunen – Fitjar har også auka smittevernkompetansen.

Torsdag kveld i 22-tida melder Fitjar kommune at nok eit smittetilfelle er påvist i Fitjar.

– I kveld torsdag 26. mars kan Fitjar kommune melda om at det etter testing er avdekkja eit nytt smittetilfelle i kommunen, melder ordførar Harald Rydland i ein e-post.

Gjennom smittesporing har det komme fram at det siste tilfellet heng saman med dei to første, opplyser Fitjar kommune.

Les også
15 personar stadfesta smitta av koronaviruset i Sunnhordland

Smittevernkompetansen er auka

Fitjar kommune opplyser at:

Testing for koronasmitte vert i utgangspunktet berre utført på personar med tydelege symptom til korona, eller at dei arbeider i helsevesenet. Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart. Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om.

Kommunen har den siste tida fått ansvar for fleire tunge saker som krev mykje tid for smittevernlegen.

– No har me fått auka kapasiteten på dette fagområdet med å leiga inn meir kompetanse på smittevern. Kommunen fått ei god ordning gjennom ein avtale den erfarne legen Odd Kvamme som vil gjera teneste hos oss ei tid framover, melder kommunen.

Les også
Takksame for smitteverneutstyr

Innstramming ved Havnahuset

Det har også blitt endringar i visittida på Havnahuset i Fitjar:

– Den siste tida har det vore ei vaktordning som har hatt kontroll med ferdselen inn og ut av Havnahuset i samband med besøk og liknande. For å styrkja smittevernet på huset har kriseleiinga avgjort at denne ordninga skal opphøyra, melder kommunen.

Dørene på Havnahuset vert frå no av stengde. Dei som bur der har nøklar og kan komma seg ut og inn ved behov. Det er framleis visittid frå kl. 17.00–18.00. For å avgrensa smitterisikoen vert det berre opna for ein pårørande for kvart besøk. Ynskje om besøk kan meldast på vakttelefon 957 78 979.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Smittetilfella i Fitjar har samanheng