Tre syrarar frå same familie kledde av seg på overkroppen og sat fire timar i regn utanfor Fitjar Rådhus fredag.
Tre syrarar frå same familie kledde av seg på overkroppen og sat fire timar i regn utanfor Fitjar Rådhus fredag. Foto: Geir Rommetveit

Misnøgde syrarar i Fitjar

Fredag sette tre syriske menn med naken overkropp seg i rådhustrappa i Fitjar. Dei ville visa misnøya si med behandlinga dei meiner dei har fått av kommunen.

Klokka 13 fredag sette Mahamad, Ahmed og Fahad Dawish seg halvnakne i rådhustrappa. Mahamad er faren, og mora sat også i trappa. Eter fire timar i regn kom politiet og sa at syrarane måtte gå bort frå Rådhuset. Politiet nekta dei å visa seg der igjen før om eitt døger, og politiet meinte dei heller kunne oppsøkja Rådhuset når det opnar måndag. Då forlot dei rådhustrappa utan protest.

Misnøgde

Familien er FN-flyktningar frå nær Aleppo i Syria og har budd i Fitjar i om lag eitt og eit halvt år. Eldste sonen, Ahmed, snakka for dei.

- Me har prøvd i mange månader å få snakka med nokon i kommunen utan å få svar. Dessutan vil me skifta lege, men blir nekta. Me blir berre utviste frå legekontoret. Me vil flytta til ein plass der dei respekterer lovar og reglar, seier Ahmed på nokolunde bra norsk.

Kommunen har prøvt

Ordførar Wenche Tislevoll la merke til dei halvnakne syrarane då ho var på Rådhuset. Ho er ikkje glad for denne måten å protestera på.

- Eg er redd at dei slik berre får negativ merksemd, og at dei som gjerne frå før er skeptiske til flyktningar berre blir meir skeptiske.

Faren, Mohamad (f.v.) og sønene Ahmed og Fahad kledde av seg for å få merksemd om protesten. Mora, Walida, sat også i rådhustrappa fredag.
Faren, Mohamad (f.v.) og sønene Ahmed og Fahad kledde av seg for å få merksemd om protesten. Mora, Walida, sat også i rådhustrappa fredag. Foto: Geir Rommetveit

- Men har dei ikkje noko rett til å klaga etter di meining?

- Me har gjort kva me kan for dei og hatt mange rundar. Dei er tydelegvis ikkje fornøgde, men me har gjort vårt beste. Sidan me fekk dei første flyktningane for to år sidan har me rigga eit apparat som me meiner fungerer.

Velkomne på Rådhuset

Ahmed Dawish sa at dei ville snakka med nokon på Rådhuset. Og ordføraren vil ikkje nekta dei det.

-Nei, alle innbyggjarane våre er velkomne til å be om samtale med den dei ønskjer. Det gjeld sjølvsagt også desse flyktningane, så dei må vel koma, seier Wenche Tislevoll.