Mista campingvogn inni tunnel
Manuell dirigering.
Måndag ettermiddag mista ein bil ei campingvogn inni Halsnøytunnelen, på fv. 500 i Kvinnherad.
Det skreiv Vegtrafikksentralen vest på Twitter rett etter klokka 13. Tunnelen blei stengd for oppryddingsarbeid.
Klokka 14.00 melde Vegtrafikksentralen at tunnelen var opna igjen, etter at bilbergar hadde henta campingvogna.