Ein bilførar var uheldig fredag kveld. Biletet er brukt for å illustrera saka. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Mista dekket og køyrde av vegen

Politiet rykte ut til ulukke seint fredag kveld.

I 23.30-tida fredag fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrd ut av vegbanen i Tittelsnesvegen.

Det var ikkje personskade etter hendinga, og bilen var ikkje til hinder. Politiet var på staden.

Vaktsjef Britt Jorunn Løvereide hos Haugesund politistasjon opplyser at ulukka skjedde i området Valevåg, heilt nordi Sveio kommune.

– Tekniske problem med bilen som gjorde av dekket falt av og forårsaka utforkøyringa. Små skadar på bilen. Ingen sak, skriv Sørvest politidistrikt på Twitter.