Ein mann i 20 åra mista lappen etter råkøyring i Bømlafjordtunnelen går kveld.
Ein mann i 20 åra mista lappen etter råkøyring i Bømlafjordtunnelen går kveld. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV

Mista lappen etter 144 km/t i tunnelen

Utrykkingspolitiet målte ein bilsjåfør i 144 km/t gjennom Bømlafjordtunnelen onsdag kveld.

– Han er frå distriktet og er i byrjinga av 20-åra, seier vaktsjef Kari Rørtveit ved Haugesund politistasjon.

Politiet stoppa sjåføren, tok frå han billappen og har oppretta sak på forholdet. Ifølgje lovdata.no kan sjåførar som køyrer så fort venta seg å vera utan billappen i minimum 13 månader.

Ein kan også venta ei bot på over 10.000 kroner.