Politiet måtte stoppa ein bilførar i Leirvik onsdag formiddag. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Mista lappen for trafikkfarleg last

Politiet stoppa bilførar på Stord.

Onsdag i 11.30-tida blei ein bil med hengjar stoppa for kontroll i Leirvik sentrum. Hengjaren hadde usikra last.

– Patruljen rekna lasta som så trafikkfarleg og graverande at førar fekk førarkortet beslaglagt. Sak oppretta, melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter.