Det kom røyk frå dette bygget søndag ettermiddag. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Mistenkjer at fyrverkeri forårsaka røyk frå matbutikk

Brannutrykking i Fitjar sentrum.

Naudetatane rykte i ettermiddag til Fitjar sentrum etter melding om røykutvikling frå Spar-butikken.

Ei stund etter melde Sørvest politidistrikt at brannmannskapet hadde avslutta arbeidet på staden.

– Mistanke om bruk av fyrverkeri som årsak til branntilløpet. Politiet opprettar sak, melder operasjonsleiaren.