POSITIV: Ein person som har vore på Bømlo har fått påvist Covid-19. Illustrasjonsfoto: Per Lønning

Mogeleg smittespreiing på Bømlo

Ein person som har vore på Bømlo har fått stadfesta Covid-19.

Det skriv Bømlo kommune i ei pressemelding fredag.

– Det er ikkje kjend kor personen har blitt smitta, men det er mistanke om at det kan ha vore på Bømlo. Det tyder at det kan vera smitte i kommunen som ikkje er kjent, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune i ei pressemelding.

Les også
Kommunelegen er uroleg før utelivshelga

Lette symptom

Smittevernlegen peikar på at mange berre får lette eller ingen symptom av sjukdommen, og kan spreia smitte utan å vera klar over det sjølv. Koronasentralen på Bømlo har hatt kontakt med alle nærkontaktar til den som er sjuk, og desse blir no testa.

– Me gjer merksam på at alle som kjenner seg sjuke eller har symptom på luftvegssjukdom skal halda seg heime til dei er frisk, eller til dei har blitt testa. Koronasentralen er open måndag, tysdag og torsdag, og vil svara på spørsmål fortløpande. Me ber om at ein ikkje ringjer legevakta dersom ein ikkje er sjuk og treng legehjelp, seier Follesø.

Les også
Helse Fonna var nesten tomme for smittevernutstyr - no er lageret fylt opp

Hald avstand

Vidare peiker ho på at ein må vera merksam på å halda avstand og ha gode hygienetiltak.

– Me oppmodar folk til å ikkje oppsøkja forsamlingar før situasjonen er avklart. Dersom me får aukande smittespreiing på Bømlo, kan det bli naudsynt å innføra lokale tiltak som til dømes stenging av møteplassar, understrekar Follesø.

Les også
Utfordringar for utestader: – Umogeleg å passa på det som skjer ute i gata