Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier Norge er inne i den fjerde smittebølgja. Foto: Berit Roald / NTB / NPK

Nakstad: – Me er inne i ei fjerde smittebølgje

Det siste døgnet er det registrert 1.093 nye koronasmitta i Norge. Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier me er inne i ei fjerde smittebølgje.

– Me er absolutt inne i ei fjerde smittebølgje no, men vaksinasjonen gjer at me førebels ikkje har ei stor bølgje med innleggingar per i dag. Likevel er det viktig å behalda kontrollen slik at ikkje så mange blir smitta at innleggingstala også aukar mykje, seier Nakstad til Dagbladet.

Det høgaste smittetalet på eit døgn under pandemien vart registrert 22. mars i år då FHI rapporterte om 1.107 nye koronasmitta.

Onsdag var 56 pasientar innlagde med koronasmitte på norske sjukehus, ifølgje Helsedirektoratet. Det er fire fleire enn dagen før.

Les også
Sju nye smittetilfelle på Bømlo - vurderer oppmjukingar
Les også
Nytt tilfelle på Stord – ukjend smittekontakt