TO VEKER: På få veker nærmar Stord seg 10 prosent arbeidsledighet. Det kjem fram i dei siste tala frå Nav. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nav: Arbeidsløysa til himmels

På to veker gjekk arbeidsløysa i Sunnhordland opp frå 1,7 prosent, til 7,9 prosent. På Stord nærmar ho seg 10 prosent.

– I Sunnhordland har me opplevd svingingar i arbeidsmarknaden tidlegare, men konsekvensane av koronaviruset er heilt utan sidestykke. Nav har aldri før registrert høgare arbeidsløyse i Sunnhordland enn det er no, seier Astrid Østerlid, leiar i Nav region Sunnhordland.

For ein knapp månad sidan skreiv Sunnhordland om at arbeidsløysa var nede i 1,7 prosent i Sunnhordland. Men ifølgje dei siste tala til Nav er denne no 7,9 prosent av arbeidsstyrken.

For heile Vestland er biletet endå verre. No er arbeidsløysa 10 prosent, mot 2,2 prosent for berre to veker sidan.

Les også
Inviterer til webinar om den nye situasjonen

– Kontrasten frå to veker sidan, då arbeidsløysa var på 2,2 prosent i Vestland, og marknaden gjekk svært godt, er enorm. Alle bransjar blir råka. Samfunnet er stengt ned, og det får konsekvensar over alt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør Nav Vestland, i ei pressemelding.

Lokalt har tala nærmast eksplodert på noko over ei veke. Måndag skreiv Sunnhordland at 629 personar var heilt ledige på Stord. Dei aller fleste av desse var permittert som følgje av korona-krisen. Tysdag har desse tala stige til 932 personar, som utgjer 9,5 prosent av arbeidsstyrken.

Les også
– Det er det siste eg tenkjer på før eg legg meg om kvelden, og det første eg tenkjer på når eg vaknar opp om morgonen

For Fitjar er det 8,4 prosent arbeidsledige, Sveio har 8,2 prosent, Bømlo 9,3, Tysnes 5,9 prosent og Kvinnherad 6,5 prosent. I Bergen er over 11 prosent arbeidsledige.

– Den kraftige auken i arbeidsløysa kjem av at bedriftene er nøydde til å permittera. Permittering er ein mellombels situasjon med mangel på arbeid. Me vonar dei aller fleste har ein jobb å gå attende til når situasjonen betrar seg, seier Astrid Østerlid.

Totalt i heile Vestland har talet på arbeidsledige auka frå 7.285 til 33.738 personar på to veker.

– Partane i arbeidslivet er naturleg nok bekymra. Vi har god kontakt med alle aktørar for å finna ut korleis me kan hjelpa dei på best mogeleg måte. Nav Vestland har oppretta fleire innsatsteam som skal hjelpa arbeidsgjevarane både med permitteringar, og med å finna arbeidskraft til kritiske samfunnsfunksjonar, seier Bogsnes.

Den lokale Nav-leiaren oppmodar folk om å vera tolmodige, og bruka digitale kanalar om dei kan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange som kontaktar Nav, og det er lang ventetid på telefon. Informasjonen på nav.no er til ei kvar tid oppdatert. Alle tenester, registrering og dialog er tilgjengeleg digitalt. Sjølv om det er travelt har me god kontakt med arbeidsgjevarar, permitterte og arbeidssøkjarar. Samstundes er det positivt å sjå at så mange nyttar sjølvebetjeningsløysningane på nav.no, seier Astrid Østerlid.