PÅ VEG MOT NORMALEN: Astrid Østerlid i Nav region Sunnhordland kjem med positive nyhende i koronakrisa. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Nav med gode nyhende: Arbeidsmarknaden normaliserer seg

Sunnhordland opplever den lågaste arbeidsløysa sidan januar.

Nav melder at arbeidsløysa framleis er på veg nedover i Sunnhordland. I juni var arbeidsløysa med heilt og delvis ledige i Sunnhordland til saman 7,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang i høve mai på to prosentpoeng.

– Me ser i juni den lågaste arbeidsløysa sidan februar. Det stadfester inntrykket om at arbeidsmarknaden i Sunnhordland normaliserer seg, litt etter litt. Me kjenner likevel til at fleire verksemder framleis står i vanskelege situasjonar, og følgjer utviklinga tett, seier Astrid Østerlid, leiar i Nav region Sunnhordland i ei pressemelding.

Lågaste arbeidsløysa i Sunnhordland i juni var i Kvinnherad og Fitjar kommune med 3 prosent heilt ledige, medan den høgste finn ein i Stord kommune med 5,3 prosent. I juni var det totalt 1213 permitterte i regionen, og alle Sunnhordlands-kommunane har ein nedgang i arbeidsløysa samanlikna med mai månad.

Les også
Svindla Nav for nesten 135.000 kroner