Koronavirus: Ni personar i Sveio skal vera smitta av koronaviruset. Illustrasjonsfoto: Kristine Brandsdal Barane

Ni personar smitta av koronaviruset i Sveio - éin innlagd på sjukehus

Det er påvist ni nye personar med covid-19 i Sveio kommune. Ein av dei smitta er innlagd på Haugesund sjukehus.

Tre av dei med påvist smitte arbeider i helse og omsorg i kommunen, og det er no om lag 25 tilsette i helse og omsorg i karantene. Sveio omsorgssenter og kommunen sine butiltak har no innført besøksrestriksjonar på ubestemt tid.

Haugesunds Avis melder at det skal vera både ungdommar, vaksne og eldre i gruppa på ni personar.

– Smittetilfella i Sveio kommune har samanheng med siste smitteutbrot i Haugesund kommune. Alle dei nye stadfesta tilfella har komme som resultat av smittesporingsarbeidet, opplyser kommunen.

Kommunen jobbar vidare med smittesporing. Aktuelle nærkontaktar vil bli kontakta i samband med smittesporinga, opplyser dei.

Ifølgje VG si oversikt er det no tre kommunar som har stigande smittetrend: Moss, Haugesund og Sveio.

Les også
Person i Sveio har testa positivt for korona