SMITTERÅKA: Tre tilsette på Leirvik AS har testa positivt på koronaviruset, melder Stord kommune fredag kveld. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Ni stordabuar smitta fredag – tre av dei er tilsette på Leirvik AS

Usikker smittekjelde på eine personen.

I løpet av fredag har ni stordabuar testa positiv på covid-19. Det er det høgaste talet på éin dag gjennom heile pandemien.

– Åtte av desse er knytt til smittesporing kring éin mann som fekk svar torsdag. Dei er nærkontaktar og arbeidskollegaer, tre av dei ved Leirvik AS. Den siste har til no usikker smittekjelde, men sporingsarbeidet held fram, skriv Stord kommune på sine nettsider.

Les også
Elev ved Stord vgs. smitta av korona

Det er òg meldt om tre utanlandske arbeidarar i fritidskarantene ved Kværner som testa positivt på test nummer to. Dei er isolerte og nærkontaktar er i karantene, ifølgje kommunen.

– Det vart i tillegg meldt tre nye tilfelle torsdag. Den eine av desse hadde vore dørvakt på Sjøhuset i perioden laurdag/søndag utan å vera sjuk. Han fekk symptom om kvelden tysdag 20. oktober og testa seg dagen etter. Dette har løyst ut eit omfattande sporingsarbeid med mange i karantene og 190 nærkontaktar er testa siste døgeret. Ein del bur i andre kommunar og vert følgde opp der. Mange vart testa alt i går kveld, men det er ikkje komme inn positive svar kring dette tilfellet, skriv Stord kommune fredag kveld.

For dei to andre er òg smittesporing i gang.

Til no har 58 personar testa positivt i Stord kommune. Om lag halvdelen er knytt til utanlandske arbeidarar knytt til Kværner.

– Kommunen er ikkje kjent med at nokon har vore alvorleg covid-19-sjuke sidan sommaren, står det på Stord kommune sine nettsider.

Les også
Praksiselev koronasmitta: Innfører besøksforbod på sjukeheim på Bømlo

Sunnhordland var til stades ved koronasenteret på Heiane fredag ettermiddag. Det har aldri vore større pågang ved senteret.

– Det er hektisk no. Me er ti stykk på jobb i dag fredag, der to av dei er ute og testar, medan åtte personar sit på telefon, seier Kristine Borgemyr ved koronasenteret til Sunnhordland.

Les også
Aldri hatt så stor pågang på koronasenteret