Marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking har tru på at tare kjem til å verta ei monaleg matkjelde for folk i framtida.
Marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking har tru på at tare kjem til å verta ei monaleg matkjelde for folk i framtida. Foto: Ingvild Eide/Illustrasjon

NIVA har tru på taren

Norskekysten svært godt egna for taredyrking.

Tareproduksjon i dyrkingsanlegg i Norge var på 145 tonn i 2017. Alt i 2050 er produksjonen venta å komma opp i heile 20 millionar tonn, og dermed kan tareoppdrett langs Norskekysten då til saman utgjera eit område på storleik med heile Hardangervidda.

Då gjeld det for forvaltinga å vera klar.

– Då må me forstå korleis taren påverkar kystmiljøet, og me må forstå terskelverdiane for når taredyrking har negativ innverknad på miljøet, slik at me kan gje forvaltinga vitskapleg basert vegleiing, seier marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA) i ei pressemelding.

Nyleg skreiv Sunnhordland omEngesund Fiskeoppdrett AS, som satsar på å starta med tareoppdrett i Fitjar så fort alle løyver er i boks.

Marinbiologen Hancke har tru på at tare kjem til å verta ei monaleg matkjelde for folk i framtida på ei jordklode der havet utgjer 70 prosent av overflata og dyrkingspotensialet er stort.

Norskekysten er svært godt egna for taredyrking, og ifølgje NIVA kjem næringa til å verta stor.

– Om ein forstår økosystemet, går det an å hausta mykje utan å gjera skade på det. Då er det mogeleg å driva tareindustrien både på ein økologisk og økonomisk berekraftig måte, seier Hancke.

Les også:Vil starta tare-produksjon