Blåbygget: Onsdag kveld opna koronalegevakta her i Sagvåg. Foto: Henrik Mundal Andreassen

No er koronalegevakta open

Har rigga seg til i Blåbygget i Sagvåg.

Onsdag klokka 18.00 var korona-legevaktsentralen i Blåbygget klar til å ta imot folk.

Lege Kristine Borgemyr fortel at Blåbygget primært skal fungera som eit telefonsenter.

– Me tek imot telefonar frå 08 til 22 kvar einaste dag, og skal gjennomføra testing av folk på dagtid etter avtale. Det er ikkje drop in her, seier Borgemyr.

Telefonnummeret til den kommunale korona-sentralen er 53 49 66 66.

Les også
Helse Fonna: 238 i karantene

Kommunalsjef Knut J. Gram i Stord kommune opplyser at telefonane vil gå vidare til ordinær legevakt i tidsrommet mellom klokka 22.00 og 08.00.

– Me ønskjer å skilja koronaproblematikken frå ordinær legevakt. Difor jobbar me med å etablera ein alternativ korona-legevakt i Blåbygget i Sagvåg, sa han til Sunnhordland måndag om bakgrunnen for etableringa.

Les også
Her kjem den nye korona-legevaktsentralen